Påmelding

Meld på skulen i dei faga de ynskjer å konkurrere i. Det er berre ein elev eller eit lag frå kvar skule som kan delta. 

I nokre fag vert det avgrensa tal konkurransedeltakarar - då er det førstemann til mølla. 

Merk at kvart fag berre har ein konkurransedag. Datoar for det enkelte fag er ikkje på plass enno, men det vert enten 15.,16. eller 17. februar 2022. 

Meir detaljert informasjon blir lagt ut ut på heimesida så snart vi har det klart. Informasjon om den enkelte konkurranse blir sendt til dei skulane som er påmelde.

 


Fann ingen aktivitetar

Kontakt

Har de spørsmål kan de ta kontakt med:

 

Ingunn Wik Djønne
seniorrådgjevar

Seksjon for kvalitet i opplæringa

Avdeling for opplæring og kompetanse

tlf.: 93 45 84 96
ingunn.olaug.wik.djonne@vlfk.no

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}

Meir informasjon

 

Arrangementet

Fylkesmeisterskapet i yrkesfag vert i år avhelde som eit desentralisert arrangement som går over tre dagar på ulike skular rundt om i fylket. Kvart fag har berre ein konkurransedag. 

Kvar skule kan berre delta med ein elev eller eit lag per fag. Det bør avhaldast skuleintern konkurranse dersom det er fleire elevar som ynskjer å delta i fylkesmeisterskapet.

Det er lagkonkurranse med lag på 2 personar i desse faga:salsfaget, elektrikarfaget, ambulansefaget, helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Deltakarskulane må sjølve syte for overnatting dersom det er trong for det. 

 

Oppgåvene

Oppgåvene det skal konkurrerast i vert publiserte seinast i byrjinga av januar. NM-oppgåver frå tidlegare år ligg på worldskills.no. Desse gjev ein peikepinne på korleis oppgåvene vert utforma. 

Oppgåvene som skal brukast på Skule-NM publiserast 2.januar 2020. I nokre av fylkeskonkurransane vil NM-oppgåvene for 2022 bli brukte. 

 

Økonomi

Deltakarskule dekkjer reise- og opphaldsutgifter for sine elevar og medfølgande lærar.