Bli med og forme Vestland sin del av Ibsen-jubileet
I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen vart fødd, og Nasjonalbiblioteket har fått det nasjonale koordineringsansvaret for jubileet, Ibsen200. Ambisjonen er å løfte fram nye perspektiv på forfattarskapen og gjere han tilgjengeleg for endå fleire. Vestland fylkeskommune har fått i oppdrag å koordinere Ibsen 200 lokalt, og vi ønskjer å gjere det saman med gode krefter i fylket.
Vi inviterer derfor til Avspark Ibsen, eit halvdags-arrangement som samlar sentrale lokale aktørar for å inspirere til samarbeid, ideutvikling og konkret planlegging av korleis jubileet skal bli markert.
Henrik Ibsen hadde ei særleg tilknyting til Vestland. I perioden 1851–1858 arbeidde han ved Det norske teateret, no Den Nationale Scene. Han var først tilsett som husdramatikar, og seinare arbeidde han òg som sceneinstruktør. Erfaringane frå desse åra fekk stor betydning for han vidare som dramatikar. Han gjennomførte også ei innsamlingsreise gjennom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord i 1862.
Med bakgrunn i dette ønskjer vi ein open og fagleg samtale om korleis vi best kan bruke den lokale Ibsen-arven, og vi treng nettopp dykkar innsikt for å lykkast. Vi håper de vil bli med på denne viktige oppstarten.
Tid: torsdag 12. november 2026 kl 13:00 til 17:00
Stad: Grand Hotel Terminus, Bergen
Målgruppe er aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og skulesektor. Arrangementet er finansiert av Nasjonalbiblioteket.
Ibsen på OperaPub
Same kveld arrangerer Bergen Nasjonale Opera OperaPub på Grand Hotel Terminus, og ein del av programmet vil vere songar av Ibsen. Alle er velkomne dit, men ein må hente ut gratisbillett i forkant.
Kulturkonferansen - Vestland fylkeskommune
Dagen etter, fredag 13. november, inviterer vi til Kulturkonferansen Vestland 2026. Hugs å melde deg på!
-
13:00
Registrering, kaffi, lett servering
-
13:15
Velkomen og kunstnarisk innslag
forfattar Erlend Nødtvedt
-
13:40
Nasjonalbiblioteket informerer
Sigrun Aker Nordeng, leder Ibsen 200
-
14:00
Henrik Ibsen og hans forhold til Bergen
Frode Helmich Pedersen, professor, nordisk litteraturvitenskap
-
14:25
Pause
-
14:35
Henrik Ibsen på samlarferd i 1862
Anette Storli Andersen, teamleiar Telemark fylke
-
15:00
Universitetetsbiblioteket i Bergen informerer
Ressursar andre kan nytte seg av og utstillingar under planlegging
førstebibliotekar Gina Dahl og kurator Marianne Lid Iversen -
15:15
Helsing frå fylkesordførar Jon Askeland
-
15:25
Innspel til inspirasjon frå ulike aktørar i Vestland
Fem innlegg frå fem aktørar:
DNS - Den Nationale SceneDNT - Bergen og Hordaland turlagFyllingsdalen teaterBergen Offentlige BibliotekUllensvang bibliotek/Litteratursymposiet i Odda -
15:50
Pause
-
16:00
Rundebordssamtalar
-
16:45
Oppsummering og avslutning
Påmelding
Informasjon
Mi sidePåmeldingsfrist
Påmeldingsfristen er gått ut, og du kan ikkje melde deg på. Ta kontakt med arrangøren ved spørsmål.