Du får stadfesting på skjermen og som e-post når påmeldinga er registrert.

Informasjon

Mi side
Stad
Tid
Frå tysdag 4. juni 2024 kl. 12:00
Til onsdag 5. juni 2024 kl. 16:00
Påmeldingsfrist
Sundag 5. mai 2024 kl. 23:59
Frist for avmelding
Fredag 3. mai 2024 kl. 12:00

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er passert, det er ikkje lenger mogleg å melde seg på. Ta kontakt ved spørsmål.

Velkommen til bibliotekdagar på Voss!

Årets bibliotekdagar skjer på Vossevangen midt i Vestland fylke.  Det blir to dagar med variert fagleg innhald, kulturelle innslag og rom for sosialt samvær.   

Kunnskap og kjeldekritikk i bibliotek 

Tysdag er vi samla på Voss Kulturhus. Vi får høyre om ulike gode tiltak som finn stad i biblioteka, og lærer meir om spennande tilnærmingar til tema digital kompetanse og kjeldekritikk.  

Onsdag er vi på Fleischer’s hotell. OsloMet tek hand om oss heile dagen, med tema kopla opp mot prosjektet Kompetanseløft for formidling av forskningsbasert kunnskap i folkebibliotek.  Vi får innsikt i korleis bibliotektilsette kan rettleie i bruk av opne kjelder på nett og formidle forskingsbasert kunnskap til studentar og andre brukarar. 

Sjå meir detaljert program under. Det kan komme endringar.

Praktiske detaljar 

Vi startar tysdag 4. juni med lunsj kl. 12.00, og har program til ca. kl. 15.45 dagen etter. 

Deltakaravgifta er kr 500.  Overnatting bestiller og betalar du sjølv. Det er gjort avtale med Fleischer’s hotell - bruk koden VLFK24 og få rom til 1445,-. Koden er gyldig ut dagen 3. mai. 

Vi er klar over at enkelte får lang reiseveg. Dersom det ikkje er mogeleg å nå fram på dagen, kan de søke om å få dekke noko av utgiftene til ekstra overnatting. Det gjer de i dette skjemaet.

Påmeldingsfrist fredag 3. mai. 

 

Program

Tysdag 4. juni

1200-1245          Lunsj på Fleischer's hotell

1245 –                Gange til Voss Kulturhus, der vi samlast i Digitalkinosal

1300-1315          Velkomen

1315-1345          Tre gode døme - presentasjonar av tilskot

  • Trude Hege Bergesen "Frå dokke til teater"
  • Mona Svendsen «Fremje og styrke nynorsk litteratur»
  • Elin Mariboe «Frå grå til skinnande - ein filial skiftar ham»              

1345-1415          "Verdas beste leiargruppe"

om leiarnettverk som skal jobbe med innovasjon i biblioteka, Signe Ytrøy

1415-1430          Pause  

1430-1500          Datakafe i biblioteket, Voss bibliotek i samarbeid med IT-elevar frå Voss gymnas

1500-1630          «Jakten på sannheten», utstilling i Voss bibliotek

Prosjektleiar Johnny Holmvåg og formidlar Cathrine Dagestad Eikeland             frå Bergen Offentlige Bibliotek presenterer og demonstrerer

1830-1915         Forfattarsamtale med Frode Grytten ved Voss bibliotek

Nils Vik står opp tidleg den siste dagen i livet sitt. Det er ein regnvêrsdag i november, og han vaknar i det huset han budde som barn og sidan med eigen familie. Han gjer slik han bruker å gjere, lagar kaffi, et frukost og barberer seg. Så høyrer han nyheitene og går ned og ser til båten.  Han skriv eit kort til døtrene, legg den siste avisa ned i kjellaren, brenner madrassen og gjer seg klar.

Brageprisvinnar Frode Grytten møter bibliotekar Silje Namtvedt frå Alver bibliotek til samtale om den kritikarroste boka  «Den dagen Nils Vik døde».

1930                   Middag på Fleischer’s

                           

Onsdag 05. juni

Heile dagsprogrammet går føre seg på Fleischer’s          

0800-0845          Helsefremjande morgon for dei som vil:

Shared Reading eller morgonbad

0900 -1200        Workshop/kurs

Kompetanseløft for formidling av forskningsbasert kunnskap i folkebibliotek. 

Korleis kan bibliotektilsette rettleie i bruk av opne kjelder på nett, og formidle forskingsbasert kunnskap til studentar og andre brukarar?

Universitetsbibliotekar Maria Fyhn og spesialbibliotekar Hanne Vollen frå OsloMet leiar oss gjennom dagen.

1200-1300          Lunsj

1300-1445          Workshop/kurs fortset

1445-1500          Takk for i dag og vel heim!         

Lurar du på noko? Send oss ei melding!

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}