Meld deg på anten fullpensjon eller dagpakke(er)/middag.

For at flest mogeleg av biblioteka skal ha høve til å delta på samlinga, har vi redusert pris for fullpensjon for inntil 2 deltakarar pr. bibliotek, og elles låge prisar på dagpakke for dei som ikkje overnattar. Melder de på fleire enn to må desse betale full pris for deltakinga. 

Du får stadfesting på skjermen og som e-post når påmeldinga er registrert.

Informasjon

Mi side
Tid
Frå tysdag 20. mai 2025 kl. 11:30
Til onsdag 21. mai 2025 kl. 15:00
Påmeldingsfrist
Sundag 13. april 2025 kl. 23:59

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er passert, det er ikkje lenger mogleg å melde seg på. Ta kontakt ved spørsmål.

Velkommen til årets samling for folkebibliotektilsette i Vestland!

Vi møtest for fagleg påfyll og erfaringsutveksling. Vi startar med lunsj kl. 11.30 på tysdag, og avsluttar ca. 14.30 onsdag. 
Meir utfyllande program kjem.

Tysdag 20. mai

Dagens tema er Korleis jobbar vi godt i lag?

11.30 Lunsj 

12.30  Velkommen, v/Elin Golten

12.45  Ivar Haugstad om "kunsten å virke sammen", eit foredrag der han også deler gode eksempel og praktiske verktøy.

14.15  Pause

14.30  Erfaringsdeling - kva har gjort at vårt samarbeid fungerer godt?

15.00  "Nokon som passar for meg?" - her kan ein dele idear og invitere til samarbeid om eit tema eller tiltak ein har lyst å gjennomføre. Presentasjonar og mingling. 

16.00  Oppsummering og avslutning for dagen. 

Slutt 16.15

17.00   Besøk på Førde bibliotek

Middag 19.00

Onsdag 21. mai

I dag er Kunstig intelligens i fokus. Det vert ein lågterskel-introduksjon til KI og felles diskusjon av ulike problemstillingar. Andre del av dagen vil vi bruke til å teste ut nokre generelle KI-verktøy. NB! Deltakarane skal teste sjølv, og må ha med eiga datamaskin.

09.00  Kva er kunstig intelligens? Kva fryktar vi og kva mogelegheiter ser vi?

09.45  Pause

10.00  Råd for bruk av generativ kunstig intelligens i offentlig sektor

10.45  Pause

11.00  Utprøving av ulike verktøy

11.45  Lunsj  

12.30  Utprøving av ulike verktøy

13.15  Pause

13.30  Utprøving av ulike verktøy

14.15  Samsnakk om verktøya vi har prøvd i dag.

14.30  Avslutning og vel heim

 

Lurar du på noko? Send oss ei melding!

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}