Velkomen til årets samling for bibliotektilsette i Vestland!

Informasjon

Mi side
Tid
Frå onsdag 27. mai 2026 kl. 11:45
Til torsdag 28. mai 2026 kl. 14:30
Påmeldingsfrist
Måndag 20. april 2026 kl. 23:59

Bibliotekdagane 2026 blir arrangert i Norheimsund, og samlar bibliotektilsette frå heile fylket til to dagar med fagleg påfyll, inspirasjon, samarbeid og sosialt samvær.

Vi startar samlinga med lunsj onsdag kl. 11.45 og avsluttar torsdag ca. kl. 14.30.

Vestland er eit fylke med store demografiske skilnadar – frå kommunar med under 400 innbyggarar til større bykommunar. Dette gjer spørsmål om likeverdige tenester, prioriteringar, samarbeid og synlegheit ekstra aktuelle. Tema for Bibliotekdagane 2026 er derfor inkludering og synleggjering, med særleg fokus på korleis biblioteka kan lykkast i ei tid der mange kommunar opplever strammare rammer.

Gjennom foredrag og verkstadar vil vi saman utforske strategiske og konkrete løysingar for framtidas folkebibliotek.

Program

Tema for Bibliotekdagane 2026 er inkludering og synleggjering, med særleg fokus på korleis biblioteka kan lykkast i ei tid der mange kommunar opplever strammare rammer.

Det kan bli endringer i programmet

Onsdag 27. mai

11.00-   Registrering

11.45    Lunsj

12.30    Velkomen v/ Elin Golten, leiar bibliotekutvikling, Vestland fylkeskommune

12.40   Folkebibliotek i lokalsamfunnet   
Meir informasjon kjem

13.10    Pause

13.25   Synleggjering i ein digital kvardag ved Camilla Grindheim Larsen frå Bergen offentlige bibliotek
Heile Noreg ventar på felles formidlingsløysing for biblioteka. Camilla har deltatt i prosjektgruppa fram mot utlysing av anbodskonkurransen, og Bergen skal vere pilotbibliotek. Korleis kan biblioteka bruke formidlingsløysinga til å nå målgrupper, formidle bodskap og bli meir synlege? 

13.55  Pause

14.10   Bibliotekfestival i Vestland
Biblioteka er sentrale i sine lokalsamfunn, for demokrati, inkludering, som møteplass,  og litteratur- og kulturarena. Vi foreslår ein felles bibliotekfestival ei veke i haust for å synleggjere alt dette. Bli med på idémyldring og første steg i planlegginga. Ved Lena Jensen Glesnes og Anja Angelskår Mjelde

15.10    Pause

15.25   Presentasjon av nytt kulturhus og bibliotek ved Ragna Helene Soldal, biblioteksjef i Kvam

16.00   Oppsummering og informasjon frå bibliotekutvikling

16.30    Innsjekk og pause

17.15   Omvising i nytt kulturhus og bibliotek

18.00   Forfattarsamtale med Sondre H. Bjørgum.

19.00    Middag

 

Torsdag 28. mai

07.00 Morgonbad på eige ansvar

Frokost
Utsjekk

08.30   Silent Books v/Bergen offentlige bibliotek
Korleis formidle bøker utan ord? Henriette Sverre og Mariell Wilhelmsen Vågen har i fleire år formidla såkalla stillebøker eller ordlause bøker ved Bergen offentlige bibliotek. De kjem for å snakke om bøkene og formidlinga av dei. 

09.15    Pause

09.30   Retning for folkebiblioteka i tida framover v/ Grete Stuevold Madsbakken, direktør for avdeling for bibliotektjenester, Nasjonalbiblioteket
Som nytilsett direktør for avdeling ved bibliotektenester ved Nasjonalbiblioteket delar Grete Stuevold Madsbakken refleksjonar rundt sentrale utfordringar og moglegheiter for biblioteksektoren, og peikar på kva som kan bli viktige satsingsområde framover.

10.15    Pause

10.30   Bibliotek for ulike måtar å vere på - Nevrodiversitet og universell utforming i fysiske omgjevnader
Vi inviterer ph.d.-stipendiat Tirill Bjørkeli Svaler frå OsloMet til å halde foredrag om universell utforming i bibliotek. Ho vil dele erfaringar og forsking knytt til nevrodiverse brukargrupper og tilgjengelegheit i biblioteket. Foredraget set universell utforming inn i ein større biblioteksamanheng og synleggjer korleis inkluderande løysingar styrkjer biblioteket si rolle som open og demokratisk møteplass.

11.15    Lunsj

12.00   Kor har du det godt? – Universell utforming som opplevd praksis
Bli med på ein verkstad der vi i fellesskap utforskar kva universell utforming i biblioteket betyr i praksis. Gjennom samtale og enkle kreative øvingar får de høve til å dele erfaringar, diskutere utfordringar og vere med på å finne gode løysingar, slik at vi saman kan gå frå innsikt til konkret handling for å kunne auke inkluderande tiltak i kvardagen til folkebiblioteka. Ved Franka Schulze og Anja A. Mjelde

12.45    Pause

13.00  Demensvennleg bibliotek - kva inneber det i praksis? v/Nasjonalforeningen for folkehelsen
Demens rammar stadig fleire menneske, og Vestland har som mål at alle folkebibliotek skal vere demensvennlege. Men kva inneber det i praksis – og korleis kan biblioteket ditt jobbe for å bli ein trygg, inkluderande og meiningsfull stad for menneske med demens? 
I denne programposten får vi møte fagpersonar som deler innsikt i korleis det er å leve med demens – både for dei som sjølve er råka og for dei pårørande. Vi får også høyre om kva betydning ein trygg og tilgjengeleg møteplass kan ha i kvardagen, og kva rolle biblioteket kan spele. Vi får konkrete døme frå bibliotek i Vestland som allereie har tilpassa formidling, aktivitetar eller andre tilbod for brukarar med demens. Programposten gir både inspirasjon og konkrete innspel – enten du arbeider i eit bibliotek som allereie er demensvennleg, eller er usikker på kva som krevst for å bli det.
(Pause innlagt)

14.30    Avslutning og vel heim

 

Buss til Bergen og Voss går kl. 15.00

Påmelding

For å sikre breiast mogleg deltaking på Bibliotekdagane tilbyr vi i år éin gratis plass til ein bibliotektilsett frå folkebiblioteket i kvar kommune. Tiltaket skal leggje til rette for deltaking frå heile fylket. Vi prioriterer deltaking frå flest mogleg kommunar, då det er avgrensa med plassar.

For deltakar nummer to frå same kommune er prisen 1 500 kroner for heile samlinga. For deltakar nummer tre og vidare frå same kommune er prisen 2 800 for heile samlinga. Dersom du har fått gratis plass/redusert pris og avlyser etter påmeldingsfristen er gått ut, eller ikkje møter opp, vil du bli fakturert for fullpensjon, 2 800 kroner.

Du kan melde deg på anten heile samlinga eller dagpakke(r) og/eller middag.

Påmeldinga er bindande etter at påmeldingsfristen er gått ut, det vil seie frå og med 20. april 2026.

 

Informasjon

Mi side
Tid
Frå onsdag 27. mai 2026 kl. 11:45
Til torsdag 28. mai 2026 kl. 14:30
Påmeldingsfrist
Måndag 20. april 2026 kl. 23:59
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}