Praksisnært og erfaringsbasert kurs om dialog

Er du bibliotektilsett og jobbar med publikum, debatt eller møteplassar? Ønsker du å lære om dialog som demokratisk verktøy i biblioteket? Velkommen til eit praksisnært og erfaringsbasert kurs om dialog.

I dialogen kan ei gruppe menneske saman utforske både individuelle og felles føresetnader, idear, tru og kjensler som påverkar samhandlinga. Dialogen inviterer oss til å gi slepp på faste førestillingar, oppfatningar, overtydingar og meiningar, og heller sjå på dei som antakingar vi har gjort – ikkje som endelege sanningar.

I samarbeid med Flux dialog inviterer fylkeskommunen til eit erfaringsbasert kurs om dialog, forankra i biblioteka sitt samfunnsoppdrag som uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. I dette kurset kan du lære om korleis biblioteket kan legge til rette for gode samtaler og demokratisk dialog i lokalsamfunnet.

Kurset kombinerer praktiske øvingar med refleksjon og er tett knytt til kvardagen i biblioteket.

Kurset har plass til 12 deltakarar, og målgruppa er tilsette i folkebiblioteka. Ta gjerne kontakt dersom du er usikker på om kurset er relevant for deg.

Mål

Kurset har som mål å:

  • styrkje deltakarane sin dialogkompetanse og tryggleik i rolla som tilretteleggjar for samtale
  • styrkje biblioteka som arena for samtale og debatt gjennom opplæring av samtaleleiarar i heile fylket

Praktisk gjennomføring

Kurset er organisert i to modular à to dagar med fysisk oppmøte. Mellom dei fysiske samlingane planlegg og gjennomfører deltakarane eit dialogbasert arrangement eller opplegg i eige bibliotek. Omfang, målgruppe og tema er opp til kvar enkelt deltakar. Målet er å få prøvd ut det ein har lært, og å dele og diskutere erfaringar i etterkant.

Tid

  • Første modul: 29. og 30. september 2026
  • Andre modul: 3. og 4. november 2026
    Alle dagar kl. 10-16

I tillegg kjem ei digital oppsummeringssamling på to timar i etterkant av dei fysiske samlingane.

Stad

Vestlandshuset, Bergen (biblioteket i 2. høgda). Lars Hillesgate 22 (inngang også frå Vestre Strømkaien)

Pris

Kurset er gratis for tilsette i folkebibliotek i fylket. Påmelding er bindande. Dersom du avlyser etter påmeldingsfristen er gått ut, eller ikkje møter opp, vil du bli fakturert for kostnaden med kurset. Det er avgrensa plassar, og vi vil prioritere deltaking frå flest mogleg kommunar. Etter søknad vil bibliotektilsette med lang reiseveg kunne få dekka ei overnatting i Bergen mellom dei to kursdagane på kvar modul.

Om arrangøren

Kurset vert arrangert av bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune i samarbeid med Rogaland fylkesbibliotek og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontakt

Lena Jensen Glesnes Lena.jensen.glesnes@vlfk.no

Sigrid Furnes Sigrid.furnes@vlfk.no

 

Påmelding

Informasjon

Mi side
Tid
29. og 30. september og 3. og 4. november
Påmeldingsfrist
Laurdag 15. august 2026 kl. 23:59
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}