Invitasjon til å delta på erfaringskonferanse
Etter bibliotekdagane i Balestrand i 2023, der tema var samarbeid, danna 6 biblioteksjefar eit nettverk som sidan har jobba tett saman. Sist med prosjektet Vestland på langs. No inviterer prosjektgrupa i samarbeid med bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune til gratis erfaringskonferanse for bibliotekleiarane i Vestland.
Kven er vi?
Vi er 6 bibliotekleiarar frå Stad i nord til Sveio og Etne i sør, med deltakarar frå Stad, Sunnfjord, Lærdal, Kvinnherad, Sveio og Etne. Trass i store geografiske avstandar har vi eit fellesskap og er ein fagleg ressurs for kvarandre innan bibliotekutvikling, innovasjon og leiing. Gjennom tillit, deling av erfaringar og eit sterkt engasjement for bibliotektenestene hjelper vi kvarandre med å løyse utfordringar, gripe moglegheiter og skape betre tilbod for innbyggjarane i kvar vår kommune.
«Vi har erfart kor verdifullt det er å møtast på tvers av kommunegrensene. Nokon kjem med eit tips, ein annan med ei løysing, og plutseleg har alle fått noko å ta med seg heim. Når vi deler kunnskap, blir vi sterkare saman»
Kvifor inviterer vi?
Vi er mange bibliotekleiarar, men ofte er vi éin og éin i kvar vår kommune. Vi sit på kvart vårt nes, med eigne bibliotek, eigne budsjett og eigne utfordringar. Samtidig oppdagar vi gong på gong at problemstillingane er dei same: Korleis utviklar vi biblioteket? Korleis møter vi nye behov? Kva fungerer, og kva fungerer ikkje?
Difor betyr det mykje å ha ein stad der terskelen er låg, praten er open og erfaringar blir delte utan store presentasjonar eller lange rapportar. Ein stad der vi kan lufte idéar, dele suksessar og lære av det som ikkje gjekk heilt etter planen.
No inviterer vi til eit nytt treff for bibliotekleiarar som ønskjer inspirasjon, fagleg påfyll og gode samtalar med kollegaer. Samtidig håpar vi å inspirere fleire til å etablere liknande grupper og møteplassar. For sjølv om vi arbeider kvar for oss, treng vi ikkje finne opp løysingane åleine.
Kva vil vi oppnå?
Når bibliotekfolk møtest, veks både idéane, nettverket og biblioteket.
Del erfaringar. Få svar. Bygg nettverk.
- Få praktiske tips og løysingar på små og store utfordringar i bibliotekkvardagen.
- Lær av bibliotekleiarar som har stått i dei same situasjonane før deg.
- Del eigne erfaringar og ta med deg nye idéar heim.
- Bygg nettverk og finn gode sparringspartnarar på tvers av kommunegrenser.
- Bli inspirert til å starte ei eiga leiargruppe i ditt område.
Målet med seminaret: Å vise kor mykje verdi det ligg i lågterskel erfaringsdeling. Når bibliotekleiarar møtest, kan eitt enkelt spørsmål gi svar som sparer både tid, arbeid og frustrasjon. Vi håpar fleire blir inspirerte til å etablere eigne møteplassar der ein kan finne løysingar saman og lære av kvarandre.
Kvifor skal du melde deg på?
Å ha eit fagleg nettverk er verdifullt, særskilt når ein har små kollegium og få diskusjonspartnarar. Vi trur at eit nettverk gjer deg tryggare i dine avgjersler, og kan gjere det lettare å stå i tøffe situasjonar. Nettverk er ein del av vårt faglege beredskap!
Konferansen startar på kvelden 19. januar, og kveldsarrangementet er ein viktig del av konferansen som vi håpar alle deltar på.
Konferansen er finanisert av prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket. Det er inga konferanseavgift. For dei som har lang reiseveg tilbyr vi også gratis overnatting på Zander K Hotel 19.-20. januar.
(NB! Sjølv om du ikkje betaler for deltakingar, har vi kostnader med arrangementet. Vi ber om at du gir beskjed om ev. endringar i god tid.)
Program
Tysdag 19. januar
19.00–21.00 | Vestland på langs: drøs til inspirasjon!
Stad: Zander K Hotel, Zander Kaaes gate 8
På dag 1 av seminaret samlast vi til ei uformell og inspirerande oppstartsøkt der prosjektgruppa byr på mikroforedrag om eigne erfaringar og prosjekt. Dette er historier frå praksisfeltet, fulle av idéar, erfaringar og konkrete tips du kan ta med deg vidare.
Vi skal bli betre kjent på tvers, og sidan gode samtalar treng gode rammer, blir kvelden krydra med poesi, servering av tapas og hyggjeleg samvær med kollegaer frå heile fylket. Ei perfekt opplading til neste dag!
Onsdag 20. januar
Stad: Vestlandshuset, Lars Hilles gate 22
09.00–10.00 Utvikling gjennom nettverk. Presentasjon av prosjektet, erfaringar så langt og hovudfunn frå kartlegginga blant deltakarane.
10.00–10.15 Pause
10.15–11.00 Kva står vi i som leiarar?
11.00–11.45 Lunsj
11.45–13.30 Erfaringsdating og temabord
13.30–14.00 Stand & talk
14.00–14.35 Frå erfaring til handling
14.35–15.00 Vegen vidare
Påmelding
NB! Når du melder deg på ber vi om at du fyller ut dette korte spørjeskjemaet.
Informasjon
Mi sideHar du spørsmål?
Informasjon
Mi side- For spørsmål om det faglege innhaldet kan du kontakte Signe Ytrøy (bibliotekleiar i Etne, og del av leiargruppa VBL)
- For spørsmål rundt det praktiske kan du kontakte Anja Angelskår Mjelde (bibliotekutvikling i VLFK)