Påmelding
Vi ynskjer å invitere deg som bonde til fagleg påfyll og ein lærerrik dag som tek for seg ulike tema knytt til landbruksnæringa og påverknad på vassmiljøet. Det blir innlegg om mellom anna gjødselbrukforskrifta, kantvegetasjon mot vassdrag, landbruksplast og tilskotsmidlar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Landbrukskontoret for Gloppen og Stad, Statsforvaltaren i Vestland, Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag, prosjektet "Bonden og elva", Nordfjord vassområde og Vestland fylkeskommune.
Arrangementet er gratis, men påmeldinga er bindande. Sikre deg plass til ein kjekk dag!
Informasjon
Mi sideFagdag "Bonden og vatnet"
Når: måndag 09.11.2026 kl. 10.00-15.00
Stad: kommunehuset i Selje, Stad kommune
Velkomen til ein dag med fagleg påfyll, gode diskusjonar og god mat!
Det vert innlegg frå Statsforvaltaren i Vestland, Vestland Fylkeskommune med fleir
Vi ynskjer å belyse tema som går på gardsdrift og påverknad på vatnet på garden. Størst fokus vert på den nye gjødselbrukforskrifta.
Førebels program:
10.00-11.30
Velkomen
Kvifor skal vatnet vårt ivaretakast?
Elevmusling
Prosjektet “Bonden og elva”
Kantvegetasjon
Lagring av rundballar og landbruksplast
Gjødselbrukforskrift
11.30-12.15 Lunsj
12.15-15.00
SMIL-tilskot
Tilskot til gjødsellager og grovfôrlager
Kystlynghei og naturbeitemark
Oppsummering og vel heim
Med forbehold om at det kan bli endringar i programmet.
.jpg)