Skule-NM 2024 er avlyst grunna Worldskills sin økonomiske situasjon, men Vestland ynskjer likevel å arrangere fylkesmeisterskap slik at årets elevar skal få høve til å konkurrere. 

Avdelingsdirektøren har tidlegare sendt informasjon til skulane om at fylkesmeisterskapen vert i veke 7. Sidan fylkeskonkurransane ikkje treng vere ferdige før påmelding til Skule-NM, kan tidspunktet endrast slik det passar det enkelte fag. 

Skulane inviterast til å melde seg på Fylkesmeisterskapen 2024. Arrangør, stad, oppgåver og tidspunkt vert skulane som ynskjer å konkurrere i same fag samde om. Der det berre er ein skule som ynskjer å konkurrere, vert fylkesmeisterskapen ein skuleintern konkurranse som tidlegare. Avdelingsdirektøren anbefaler at tidlegare NM-oppgåver vert nytta der det er mogleg. Desse finn de på worldskills.no

Arrangørskule får dekka direkte utgifter til konkurransane + 5000,- per konkurransefag. 

Det kan konkurrerast i alle lærefag. Frist for å melde på skulen i konkurransen er 26.november. De kan skrive fleire fag i same påmelding. 

Dersom de har spørsmål kan desse rettast til Ingunn Wik Djønne, ingunn.djonne@vlfk.no , 93458496

Informasjon

Mi side
Stad
På ulike skular i Vestland

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mogleg å melde seg på lenger.