Meld deg på IBBY 2025 i Førde
Velkomen til IBBY 2025 – årets presentasjon av bøker for barn og ungdom. I år blir det igjen mogleg å delta fysisk i Førde, i tillegg til i Bergen og/eller digitalt! Kursdagen har fire timar med foredrag om årets aktuelle barnebøker, bildebøker, fagbøker og ungdomsbøker. Formidlarane viser presentasjon på skjerm, samtidig som dei fortel kort om kvar bok dei presenterer. Få inspirasjon til formidlinga di og oppdag årets litterære skattar!
Fleksibel deltaking:
- Delta heile dagen eller berre på dei foredraga som interesserer deg
- Kan ikkje møte fysisk? Meld deg på digital IBBY og få lenkje til å sjå alle føredrag i etterkant
Fyll ut skjema for å melde deg på kurs i IBBY arrangert i Førde på Førde VGS, Naustdalvegen 12.
Kursdag: onsdag 13. november frå 10.00-15.30.
Kostnad ved deltaking:
- 750 kr for heil dag inkl. lunsj (For de av dykk som er påmeldt heile kurset i Bergen eller Førde inngår digital versjon om de ønskjer det.)
- 350 kr pr. enkeltforedrag.
Er du på jakt etter påmeldingsskjema til arrangementet i Bergen eller heildigital versjon, finn du dei her:
Påmelding IBBY Bergen:https://vlfk.pameldingssystem.no/ibby2025-bergen
Påmelding IBBY Digital: https://vlfk.pameldingssystem.no/ibby2025-digitalt