Meld deg på IBBY 2025 i Bergen - presentasjon av årets bøker til barn og ungdom
Velkomen til IBBY 2026 – årets presentasjon av bøker for barn og ungdom.
I år blir det igjen mogleg å delta fysisk i Bergen, i tillegg til Førde og/eller digitalt! Gjennom ein inspirerande kursdag får du fire timar med foredrag om årets aktuelle og nye billedbøker, fag-, og skjønnlitteratur for barn og ungdom. Formidlarane viser presentasjon på skjerm, samtidig som dei fortel kort om kvar bok dei presenterer. Få inspirasjon til formidlinga di og oppdag årets litterære skattar!
Fleksibel deltaking:
- Delta heile dagen eller berre på dei foredraga som interesserer deg
- Kan ikkje møte fysisk? Meld deg på digital IBBY og få lenkje til å sjå alle føredrag i etterkant
Fysisk kursdag i Bergen
2. november frå 10.00-15.30 I Vestlandssalen på Vestlandshuset, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen.
- 750 kr for heil dag inkl. lunsj (for de av dykk som er påmeldt heile konferansen inngår digital versjon om de ønskjer det.)
- 350 kr pr. enkeltforedrag.
Er du på jakt etter påmeldingsskjema til arrangementet i Førde eller heildigital versjon, finn du dei her:
Påmelding IBBY Førde: IBBY: presentasjon av årets bøker til barn og ungdom - Førde
Påmelding IBBY Digital: IBBY: presentasjon av årets bøker til barn og ungdom - Digital
Fyll ut skjemaet under for å melde deg på kurs i IBBY arrangert på Vestlandshuset!
Informasjon
Mi sideProgram
-
09:30-10:00
Registrering og noko å bite i
-
10:00-10:45
Barnebøker ved Siri Larsen
-
10:45 - 11.30
Faktabøker for barn og ungdom ved Siri Larsen
-
11:30 - 11.45
Pause m/frukt
-
11:45-12:45
Bildebøker ved Stina Langlo Ørland
-
12:45-13.30
Lunsj
-
13:30 - 14:15
Samisk barne- og ungdomslitteratur ved Stina Åmo
-
14:15 - 14:30
Pause
-
14:30 - 15:30
Ungdomsbøker ved Nina Aalstad