Fylkesbiblioteka i Noreg samarbeider om introduksjonskurs for nye biblioteksjefar. Dette er eit grunnleggande kurs for deg som er ny i jobben som biblioteksjef.
Vi tar utgangspunkt i e-læringskurset Introduksjonskurs for biblioteksjefer i kompetansebanken. Kurset er delt inn i 4 delar, og deltakarane skal gå gjennom ein del før kvar samling. Dei digitale samlingane vert brukt til å diskutere og reflektere over tema frå e-læringskurset.
Målet med kurset er å gi deg eit overblikk over tema ein biblioteksjef bør kjenne til, og å medverke til at du kan få eit nettverk av gode kollegaer saman med andre nye biblioteksjefar i landet.
Målgruppe for kurset er nye bibliotektilsette med leiaransvar i folkebibliotek.
Kursplan
Kurset omfattar fem digitale samlingar på 2 timar.
| Samling | Tema | Dag og tid |
| Samling 1 | Bli kjent | Onsdag 21.10., kl. 9-10 |
| Samling 2 | Administrasjon og ledelse | Mandag 26.10., kl. 9-11 |
| Samling 3 | Samlinger og systemer | Onsdag 4.11., kl. 9-11 |
| Samling 4 | Biblioteket som møtested og arena | Onsdag 11.11., kl. 9-11 |
| Samling 5 | Formidling | Onsdag 18.11., kl. 9-11 |
Arrangør
Hausten 2026 er det Vestland og Møre og Romsdal som har ansvar for gjennomføring av dei digitale samlingane.
For spørsmål ta kontakt med Kari Skibenes
Påmelding
Du melder deg på heile kurset, ikkje enkeltemner.
Vi har mange potensielle deltakarar til kurset i haust, og for å få diskusjonsformen til å fungere ønsker vi ikkje for store grupper til dette kurset. Etterspurnaden om å delta kan vise seg å overstige tilbodet, og vi oppmodar deg derfor om å melde deg på så snart som mogleg dersom du ønsker å delta.
Påmeldingsfristen er 23. september.
Hausten 2026 vil vi først prioritere deltakarar frå Møre og Romsdal, Vestland, Agder, Nordland, Telemark og Troms. Dersom det er ledige plassar når fristen er ute, vil dei bli tilbydd til deltakarar frå andre fylke.