Bibliotekutvikling Vestland inviterer tilsette som jobbar med skolebibliotek i folkebibliotek og grunnskole i Vestland til ei digital kursløype hausten 2026. Kursløypa er eit introduksjonskurs som gir grunnleggjande innføring i kva eit skolebibliotek er i dag, planer, lovverk, dagleg drift, formidling og bibliotekrommet.
Kva du får med deg
- Fagleg påfyll og introduksjon til skolebiblioteket som fagfelt
- Nettverk og møteplass med andre som jobbar med skolebibliotek i Vestland
- Refleksjon og diskusjon rundt eigen praksis
- Erfaringsdeling frå kvardagen i skolebibliotek
- Svar, samtale og nye perspektiv frå kollegaer
- Fellesskap og fagleg støtte
Kursløypa er lagt opp som eit introduksjonskurs, men er òg relevant for deg som har jobba lenge med skolebibliotek og ønskjer fagleg påfyll og eit nettverk med kollegaer i fylket.
Om læringsressursen
Kursløypa tek utgangspunkt i læringsressursen Introduksjonskurs til skolebibliotek på bibliotekutvikling.no. Ressursen er meint som ei innføring for nytilsette i skolebibliotek, ein handbok for dei som har jobba ei stund, og ei orientering for skoleleiarar, lærarar og andre samarbeidspartnarar.
Sjølv om læringsressursen dekkjer både grunnskole og VGS, er samlingane i denne kursløypa retta mot grunnskolen.
Dato, tidspunkt og tema
- Første samling: onsdag 30.09.2026, kl. 13.30 til 15.00 Kva er eit skolebibliotek i dag?
- Andre samling: onsdag 14.10.2026, kl. 13.30 til 15.00 Dagleg drift
- Tredje samling: onsdag 28.10.2026, kl. 13.30 til 15.00 Formidling
- Fjerde samling: onsdag 11.11.2026, kl. 13.30 til 15.00 Bibliotekrommet
Om samlingane
Det blir fire digitale samlingar på Teams. Mellom samlingane arbeider deltakarane sjølvstendig med det digitale kurset på bibliotekutvikling.no. Vi bruker tida saman til refleksjon, samtale og gruppearbeid i mindre grupper.
Etter påmelding får du innkalling til alle fire samlingane og informasjon om førebuing på e-post. Deltaking er på Teams, og det er venta at du som er med deltek aktivt i samlingane. Sjekk difor at mikrofon og aller helst kamera fungerer. Dette er ekstra viktig fordi det blir inndeling i mindre grupper der det skal vere refleksjon og samtalar. Det blir ikkje gjort opptak.
Målgruppe
Tilsette som arbeider med skolebibliotek i grunnskolen i Vestland. Dette gjeld både skolebibliotektilsette og folkebibliotektilsette som driftar kombinasjonsbibliotek eller samarbeider med skolar om skolebibliotektilbodet.
Påmelding
Du melder deg på heile kursrekka. Vi tek imot inntil 20 deltakarar. Ved full påmelding opprettar vi venteliste. Det er gratis å delta på kursløypa.
Informasjon
Mi side
Tid
30. sept, 14. okt, 28. okt, 11. nov
Påmeldingsfrist
Fredag 18. september 2026 kl. 23:59