Illustrasjonsbilete med personsonar som gjer ein high five. Biletet er frå Maskot, NTB. Delt med CC BY-NC-SA

Inspirasjonsdag for lærarar i vidaregåande skule om læring med kunstig intelligens.

Korleis kan KI nyttast som læringsfremmande verktøy? Korleis legge til rette for gode læringsprosessar når elevane kan nytte KI? Og korleis kan læringsprosessane gje grunnlag for betre vurdering? Kva må elevane kunne om kjeldebruk og korleis kan vi trene på å blir gode og kritiske nettbrukarar? 

Tysdag 13. august 2024 i Grieghallen, Bergen

Onsdag 14. august 2024 i fleirbrukshallen på Førde vgs

  • 10:30

    Velkomen

    Opning ved Bjørn Lyngedal, direktør avdeling for opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune

  • 10:40

    AI changes everything!

    Professor Donald Clark, Wildfire Learning

    Med ein makelaus glød, kunnskap og optimisme knytt til framsteg i læringsteknologi, har Donald Clark over tre tiår med erfaring ved skjæringspunktet mellom teknologi og læring. Han er professor, forskar, talar, og læringsteknologi-blogger (han har skrive ein serie med innlegg om 280 læringsteoretikarar som har forma verda av læring). Han er også forfattar av boka Artificial Intelligence for Learning.

  • 11:20

    Kva gjer eg i klasserommet når Putin, KI og TikTok bankar på? Kjeldekritikk og kritisk mediebruk i 2024

    Sølve Kuraas Karlsen, leiar av tenk.faktisk.no

    Sølve har jobba med undervisning i 14 år i heile skuleløpet frå 1-13 innan faga norsk, samfunnsfag, KRLE og naturfag. Over fleire år har han utvikla og bidrege i prosjekt i skulen som skaper tverrfagleg læring og knyter skule og samfunn saman. Sølve har Master i Grunnskolens norskfag frå Høgskolen i Sør-Trøndelag med fordjuping i formidling av folketru og spøkjelseshistorier.

  • 11:50

    Lunsj

  • 12:50

    Elevars læring med kunstig intelligens: balansen mellom kognitiv anstrenging og automatisering av kognisjon

    Professor Sten Ludvigsen, Universitet i Oslo

    Sten Ludvigsen er professor ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet i læring og digitalisering ved Universitetet Oslo. Han har gjennomført studiar av bruk av digitale omgjevnader og ressursar dei siste 20 åra i skule og arbeidsliv. Han leidde arbeidet med NOU 21014:7 og NOU 2015:8 om skulen i framtida.  Sentrale tema i forskinga er korleis elevar lærer domenespesifikk og generisk kunnskap i fag i ulike typar av kontekstar og kva kompetansar dei utviklar. Ludvigsen har arbeidd med digitale, sosiale og kognitive design av omgivnader for læring i ei rekkje nasjonale og internasjonale forskings- og innovasjonsprosjekt.

  • 13:35

    «Delta i Data»

    Postdoktor Fride Haram Klykken, SLATE, UiB

    Fride Haram Klykken er postdoktor ved UiB tilknytta prosjektet AI and Education: Layers of Trust (EduTrust AI). Ho arbeidar vidare med DALI - Data Literacy for Citizenship (EU - Erasmus+) Og ho har utvikla Delta i Data, som er ei spelpakke for Data Literacy i skulen.

  • 13:50

    Data og kunstig intelligens

    Professor Barbara Wasson, SLATE, UiB

    Barbara Wasson, direktør for Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Universitetet i Bergen, er professor ved Institutt for informasjonsvitskap og medievitenskap. Hun var medlem av Kunnskapsdepartementets ekspertgruppa for læringsanalyse som levert NOU 2023:19, og er medlem av ekspertgruppa for AI og utdanning i Europarådet (rapport), undergruppa for høgare utdanningspolitikk i Europarådet CDPPE, styringsgruppa for UiB AI, og UiB-styringsgruppa for digital kunnskap og kompetanse. Ho var programleiar for den 14. internasjonale konferansen om læringsanalyse og kunnskap 2024 (LAK24), Kyoto, Japan.

  • 14:20

    Pause

  • 14:40

    Døme på læringsarbeid, planlegging, gjennomføring og vurdering med kunstig intelligens

    Døme frå elevar, lærarar og KI-pedagogane.

    KI-pedagogane:
    Maria Stubhaug, Førde vgs
    Ina Sicilie Larsen, Slåtthaug vgs
    Rune Mikal Birkeland, Stend vgs
    Torodd Flatråker Ottestad, Amalie Skram vgs

  • 15:40

    Oppsummering

    Bjørn Lyngedal og Sten Ludvigsen

  • 16:00

    Vel heim!