Kontaktmøte 2023 - Kommunearkivordninga i Vestland

Kommunearkivordninga i Vestland vil med dette invitere arkivmedarbeidarar og -leiarar frå medlemskommunane til å delta på vårt årlege kontaktmøte tysdag 14. november frå kl. 10 til kl. 14.30 på Thon Hotell Jølster på Skei. Vi håper så mange som mogeleg vil ta turen, då vi veit av erfaring at det er viktig og nyttig med slike faglege møteplassar. 

Dei som ikkje har høve til å reise kan delta digitalt via Teams. Meir informasjon om det praktiske vert sendt ut til dei som melder seg på.

Målgruppa for dette kontaktmøtet er de som jobbar med arkiv i kommunane. Det er viktig å sikre ein god dialog mellom kommunearkivordninga og arkivtilsette i kommunane. Møtet gir oss eit høve til å drøfte faglege utfordringar og aktuelle arkivfaglege problemstillingar.

Eit viktig tema på dette møtet vert vegen fram mot avlevering til nytt arkivbygg. Fullstendig program kjem etter haustferien, men vi ønskjer å setje av tid til spørsmål og diskusjon, og vil gjerne ha innspel til saker de vil ta opp. Meld inn på e-post til Sigrun: sigrun.espe@vlfk.no.

Dei som deltek fysisk vert fakturert for dagpakke inkl. lunsj i etterkant. 

Informasjon

Mi side
Stad
Skei/Digitalt
Tid
Tysdag 14. november 2023 kl. 09:30 - 14:30
Påmeldingsfrist
Tysdag 7. november 2023 kl. 23:59

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mogleg å melde seg på lenger.

Program

  • 10.00-10.05 Velkomen
  • 10.05-10.30 El-arkiv
    Kva har skjedd den siste tida, kva rutinar har vi, kva skjer framover og kva bør kommunane tenke på.
  • 10.30-11.00 Skada arkiv
    Kva gjer vi når vi kjem over mugg, skadedyr eller anna skade på arkiva våre?
  • 11.00-11.15 Pause
  • 11.15-12.00 Vegen fram mot deponering til nytt arkivbygg i 2025
    Status, orienteringar, praktisk info og rom for spørsmål og svar.
  • 12.00-13.00 Lunsj
  • 13.00-13.30 Orienteringar frå KAV 
    Økonomiplan, retning for arbeidet vårt, årsplan og aktivitetar.
  • 13.30-14.00 Spørsmål, svar, diskusjon
    Send gjerne inn spørsmål til Sigrun på førehand: sigrun.espe@vlfk.no
  • 14.00 Slutt

 

Vil du gi oss ei kjapp evaluering og eventuelt tilbakemeldingar på årets kontaktmøte? Vi vil gjerne høyre om både det som fungerte, og om det som kan gjerast betre. Takk for hjelpa! 

Evalueringsskjema