Bibliotekutvikling i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommunar inviterer for andre gong til digital erfaringskonferanse om skolebibliotekutvikling, 27. januar, kl. 09.00-12.00. 

På konferansen vil vi sjå på korleis skolebiblioteket kan vere ein ressurs i leseopplæringa og i arbeidet med å stimulere til leselyst og leseglede. Eit utval prosjektkommunar deler erfaringar frå arbeidet med skolebibliotekutvikling, og vi får fagleg oppdatert kunnskap frå Ingeborg Eidsvåg Fredwall. Ho gir oss eit forskingsbasert blikk på kva eit godt skulebibliotek er.

Fleire kommunar på Vestlandet har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet til skolebibliotekutvikling sidan ordninga vart oppretta i 2018, nokre av kommunane fleire gonger. Gjennom desse åra er det opparbeidd mykje kunnskap om utvikling av skolebibliotek i fylka våre. Fleire av kommunane har etablert tettare samarbeid mellom skole og folkebibliotek i prosjektperioden.

Målgruppa for konferansen er kommune- og skoleleiarar, lærarar, skolebibliotekarar og tilsette i folkebibliotek. Konferansen er for alle som er interesserte i skolebibliotekutvikling, både kommunane som har fått Udir-midlar og dei som ønskjer å søke midlar i 2026, og for dei som berre ønskjer fagleg påfyll og inspirasjon.

Det er gratis å delta.

Program

Informasjon

Mi side
Stad
Digitalt. Lenke til Teams-møte blir sendt ut etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Tid
Tysdag 27. januar 2026 kl. 09:00 - 12:00
Påmeldingsfrist
Måndag 26. januar 2026 kl. 12:00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Program

09.00   Velkomen v/ Mona Iren Auganæs, fylkesbiblioteksjef Møre og Romsdal fylkeskommune

09.10   Skolebiblioteket - satellitt eller sentrum i lesekulturen?
Ingeborg Eidsvåg Fredwall gir oss eit forskingsbasert blikk på kva eit godt skolebibliotek er.
Fredwall er førstelektor og instituttleiar ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder, i tillegg til studieprogramleder for bachelor i skolebibliotekkunnskap. Ho har skrive artiklar og fagbøker om litteraturdidaktikk, barnelitteratur og skolebibliotek.

09.50   Erfaringsdeling frå prosjekt som har fått tildelt tilskot frå Udir i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal (inkl. pause)

11.00   Nynorsksenteret informerer

11.05   Gruppearbeid

11.35   Informasjon om

  • tilskotsordninga for skolebibliotek i grunnskolen
  • innkjøpsordning for skolebibliotek
  • tiltak og tenester til skolebibliotek i grunnskolen frå fylkeskommunane

12.00   Slutt

Programmet er førebels, og det kan bli endringar.