Påmelding
Korleis få lærlingen til å læra hjå oss?
Vestland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet inviterer til samlingar
Målet med samlingane er å styrka faglege leiarar og instruktørar i deira rolle som rettleiarar og relasjonsbyggarar for lærlingar i ei tid prega av psykiske utfordringar, tidspress og behov for ulike tilpassingar.
Dato: 12.02.25 og 04.03.25 (kurset går over to samlingar)
Tid: 10.00-15.00
Målgruppe: Instruktørar og faglege leiarar
Innhald
På samlingane tek vi utgangspunkt i dykkar praksis og arbeider med ulike perspektiv som kan bidra til læring. Kva kan fremja og kva kan hemma god utvikling for lærlingen?
- Kva kjenneteiknar god kommunikasjon - korleis kan eg bidra til å fremja god kommunikasjon
- Forventingsavklaring – kva forventningar har lærlingen til meg og kva forventningar har eg til lærlingen?
- Rettleiing som bidreg til framgang – korleis kan den rettleiinga eg gjev bidra til motivasjon og meistring?
- Den vanskelege samtalen - vanskeleg for kven?
Informasjon
Mi sideAktiviteten er fullteikna og det er ikkje mogleg å registrere seg