Påmelding

Korleis få lærlingen til å læra hjå oss?

Vestland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet inviterer til samlingar

Målet med samlingane er å styrka faglege leiarar og instruktørar i deira rolle som rettleiarar og relasjonsbyggarar for lærlingar i ei tid prega av psykiske utfordringar, tidspress og behov for ulike tilpassingar.

Dato: 16.03.27 og 07.04.27 (kurset går over to samlingar)

  • 16.03.27 Rom SJU46, Sjukepleiarbygget
  • 07.04.27 Rom SJU46, Sjukepleiarbygget

Tid: kurs 10.00-15.30

       (Kaffi frå 09.30)

 

Målgruppe: Instruktørar og faglege leiarar

 

Innhald

På samlingane tek vi utgangspunkt i dykkar praksis og arbeider med ulike perspektiv som kan bidra til læring. Kva kan fremja og kva kan hemma god utvikling for lærlingen?

 

  • Kva kjenneteiknar god kommunikasjon - korleis kan eg bidra til å fremja god kommunikasjon

 

  • Forventingsavklaring – kva forventningar har lærlingen til meg og kva forventningar har eg til lærlingen?

 

  • Rettleiing som bidreg til framgang – korleis kan den rettleiinga eg gjev bidra til motivasjon og meistring?

 

  • Den vanskelege samtalen  -  vanskeleg for kven?

Informasjon

Mi side
Stad
Hvl-Campus Stord (Sjukepleiarbygget)
Tid
Frå tysdag 16. mars 2027 kl. 10:00
Til onsdag 7. april 2027 kl. 16:00
Påmeldingsfrist
Onsdag 24. februar 2027 kl. 00:00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}