Bli leseleiar – gratis kurs i Shared Reading
Bibliotekutvikling i Vestland styrkar satsinga på samlesing og inviterer derfor til gratis kurs for å bli leseleiar i Shared Reading-metoden. Kurset er mogleg takka vere midlar frå ABC for god psykisk helse-satsinga i fylket. Shared Reading lever jo i høgste grad opp til prinsippa bak ABC-metoden: gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfylt.
Kva inneheld kurset?
Kurset er på 18 timar, fordelt over tre dagar, og har berre 12 plassar. Du får oppleve metoden i praksis og gjere øvingar som gjer deg klar til å leie eiga gruppe. Kurset vert halde av Kirsten Muhle frå Litteratur for alle og Kari Hortman
Praktisk informasjon
- Datoar: 30. november, 2. og 4. desember
- Tid: kl. 09.00–16.00
- Stad: Digitalt
Vilkår for deltaking
For å sikre at finansieringa gir ei reell satsing og vil vise igjen i lokalsamfunna i Vestland, set vi eit krav til deltakarane: du forpliktar deg til å starte ei samlesingsgruppe i ditt lokale bibliotek innan 6 månader etter fullført kurs. I denne perioden får du støtte frå oss gjennom inspirasjonssamlingar, oppfølgingssamtalar og nettverksmøte.
Kven er kurset for?
Kurset er for bibliotekarar og personar tilknytt biblioteka i Vestland, med mål om at alle deltakarane skal praktisere som leseleiarar på eit folkebibliotek etter kurset.
Påmelding
Vi tek imot inntil 12 deltakarar. Ved full påmelding opprettar vi venteliste.