Verkstad om litteratur som oppleving med dei yngste

 

Målgruppe: hovudmålgruppe er tilsette i barnehage og bibliotek, men ope for alle som formidlar bildebøker til barn.

Pris: gratis, inkludert lunsj

Tid: kl. 10-14.

Vel datoen og stad som passar deg best:

Sogndal 22. september, Sandane 23. september eller Førde 24. september. 

Påmeldingsfrist er 15.september.

Vi arrangerer òg verkstader i den sørlege delen av fylket (Bergen, Voss og Stord). Sjå eigen arrangementsside for informasjon og påmelding

 

Spørsmål? Ta kontakt med Astrid Sundset Moe

 

Om verkstaden:

Gode bøker er fulle av moglegheiter for opplevingar, leik og inkludering – men korleis identifiserer vi dei, og korleis deler vi dei med barna? Det er akkurat det vi skal utforske saman på denne verkstaden. Konklusjonen kan vi allereie avsløre: som formidlar av bøker må vi kaste oss ut i det og prøve oss fram – og det er akkurat det vi gjer i denne verkstaden, saman og i trygge rammar. Dette er ein verkstad som krev aktiv deltaking og samarbeid med andre og at ein ut frå sine føresetnader byr litt på seg sjølv.

Dette er ein praktisk retta verkstad for deg som skal formidle bøker til barn mellom 0 og 6 år – anten du er ny og vil prøve deg, eller erfaren og vil utvikle deg vidare.

Målet er at deltakarane sit att med:

  • Inspirasjon - formidlingsidear
  • Bokkunnskap
  • Formidlingsstunder klar til å bli testa ut med barn

Kva skjer på verkstaden?

På verkstaden møter du eit utval gode og spennande bildebøker for dei aller yngste og dei litt eldre. To og to jobbar de saman om å utvikle ein formidling frå ein eller to bøker – og så framfører de for ei lita gruppe. Du går heim med to ferdige formidlingsopplegg du kan bruke, og du har fått presentert fleire nye bøker av andre deltakarar.

Kvifor er dette viktig?

Barn som møter bøker tidleg, får eit forsprang – språkleg, sosialt og kulturelt. Men ikkje alle barn møter bøker heime. Barnehage og bibliotek er dei viktigaste arenaene for at alle barn skal få denne opplevinga, uavhengig av bakgrunn. Det er eit felles ansvar – og det krev at vi jobbar saman og held kompetansen ved like.

Vestland fylkeskommune arrangerer desse regionale verkstadane som del av oppfølginga av leselyststrategien Saman om lesing (2024–2030), der styrking av samarbeid mellom barnehage og bibliotek om tilgjengeleggjering av litteratur er eit sentralt tiltak. Litteraturen må ikkje berre vere der barna er, den må også bli formidla aktivt.

Gode praksisdøme?

Har du eller kjenner du nokon som har gode praksisdøme frå formidling til barnegruppa 0-6 år? Og vil de dele det med andre? Ta kontakt med oss – vi ønskjer å gi rom til gode praksisdøme på verkstadane.  

Gode praksisdøme?

Har du eller kjenner du nokon som har gode praksisdøme frå formidling til barnegruppa 0-6 år? Og vil de dele det med andre? Ta kontakt med oss – vi ønskjer å gi rom til gode praksisdøme på verkstadane.  

 

Meld deg på her:

Informasjon

Mi side
Stad
Sogndal, Sandane, Førde
Tid
22., 23. eller 24. september
Påmeldingsfrist
Tysdag 15. september 2026 kl. 23:55
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}