Påmelding

Vestland fylkeskommune inviterer til digital dialogkonferanse i samband med forprosjekt for ny Risnes bru på fv. 570 i Masfjorden.

Formålet med konferansen er å presentere prosjektet og gjennomføre marknadsdialog knytt til:

  • teknologimodnad
  • marknadsmodnad
  • gjennomføringsrisiko
  • produksjons- og samanføyingsmetodar
  • og aktuelle gjennomførings- og anskaffingsmodellar for vidare hovudprosjekt.


Prosjektet er organisert som eit forprosjekt for innovativ offentleg anskaffing, med støtte frå Norges forskningsråd. Formålet er å redusere usikkerheit og etablere eit betre grunnlag for vidare avgjerder om gjennomføring og anskaffingsstrategi.

Vestland fylkeskommune har allereie gjennomført fleire innleiande erfaringsutvekslingsmøte og faglege intervju med relevante aktørar i marknaden. Dialogkonferansen skal derfor ikkje starte utgreiinga frå null, men bidra til å vidareutvikle og kvalitetssikre forståinga av:

  • kva som er teknologisk modent
  • kva som krev vidare modning
  • kva risikoar marknaden ser
  • og korleis ei framtidig anskaffing bør organiserast.

Konferansen vil innehalde:

  • kort presentasjon av prosjektet
  • gjennomgang av behov og problemstillingar
  • presentasjon av dialognotatet
  • og open spørsmålsrunde.

Det vil bli mogleg å gjennomføre separate 1:1-dialogmøte i etterkant av konferansen. Aktørar som ønskjer slike møte, blir bedne om å ta direkte kontakt med saksbehandlar på e-post: 

Henrik.loseth.jansen@vlfk.no

Kvittering for påmelding og lenkje til teamsmøtet

Du vil få ei bekrefting på påmeldinga di i Outlook. Ta godt vare på bekreftinga! Viss du må melde deg av eller endre påmeldinga di, gjer du det frå bekreftinga. Her finn du også lenkja til møtet. 

Påmeldinga kan du endre fram til påmeldingsfrist. 

Informasjon

Mi side
Tid
Fredag 23. oktober 2026 kl. 10:00 - 11:00
Påmeldingsfrist
Torsdag 22. oktober 2026 kl. 15:00
Frist for avmelding
Torsdag 22. oktober 2026 kl. 15:00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Kontakt

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}