Eit dynamisk møtepunkt for innovasjon og verdiskaping.

Kom til Bergen og bli med på Samarbeidskonferansen 2024, der vi samlast for å utvide og styrke det dynamiske innovasjonsøkosystemet i Vestland. To dagar med engasjerande samtalar, nettverksbygging og samarbeid ventar deg. Vi håper å sjå deg på konferansen viss du jobbar med næringsutvikling i ein kommune eller i ein organisasjon som har samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune. 

 

Kvifor delta? 

  • Nettverksbygging: Skap verdifulle forbindelsar med dei dyktige folka og fagmiljøa i regionen. 
  • Fagleg påfyll: Lær frå innsiktsfulle presentasjonar og panelsamtalar som utforskar strategiar for næringsutvikling. 
  • Samarbeid: Finn nye moglegheiter for samarbeid og innovasjon saman med andre nøkkelaktørar. 

 

Hald deg oppdatert 
Besøk nettsida vår regelmessig for dei siste nyhenda og oppdateringane om konferansen. 

Vi gler oss til å samarbeide med dykk for å fremje nyskaping i Vestland! 

 

Ta gjerne kontakt med ein av oss om du har spørsmål eller innspel. 

Påmeldingsskjema

Pris: Vestland fylkeskommune betalar for konferansen. 


Reise og overnatting: Deltakarar må sjølv ordne transport og overnatting.
Scandic Ørnen har halde av rom til konferansen med avtalepris. Frist for bestilling overnatting er 20. september. Kode for bestilling til hotellet får du i stadfesting e-post for påmelding. 

 

Informasjon

Mi side
Stad
Hotell Scandic Ørnen (dag 1) og Vestlandshuset (dag 2)
Tid
Frå torsdag 31. oktober 2024 kl. 09:00
Til fredag 1. november 2024 kl. 13:00
Påmeldingsfrist
Måndag 14. oktober 2024 kl. 23:59

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er passert, det er ikkje lenger mogleg å melde seg på. Ta kontakt ved spørsmål.

Program

Vi startar torsdag morgon og avsluttar med lunsj på fredag. På torsdagen inviterer vi til middag på Scandic Ørnen.

Programmet er under utvikling. 

Vi skal sørge for eit program som bidrar til:  

  • Nettverksbygging: Bli betre kjende med dei dyktige folka og fagmiljøa i regionen. 
  • Fagleg påfyll: Få kunnskap og inspirasjon frå presentasjonar og panelsamtalar om strategiar for næringsutvikling.  
  • Samarbeid: Lær av gode døme på samarbeid om næringsutvikling og utforsk moglegheiter for samarbeid med andre nøkkelaktørar.  

 

Detaljert program blir lagt ut på vår nettside så snart det er klart. Program vil og bli sendt alle påmelde etter påmeldingsfrist.

Kontakt

Ta kontakt med ein av oss om du har spørsmål eller innspel

Du kan og ta kontakt med oss om du må melde avbod etter påmeldingsfrist.
NB! Arrangementet er gratis, men får vi avmelding etter 20.10.24 må du / arbeidsplassen din dekkje utgiftene til dagpakkene. (Du må sjølv kontakte hotellet for avbestilling overnatting.)

 

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}