Framside
Foto: Bergen kommune
Når vert det kurs og for kven?
Kurset for elevar vert arrangert 21., og 28 oktober, klokka 18.00 - 20.00. Kurset vil vere digitalt og alle vil få ei møtelenkje i forkant av kurset.
Dette kurset er for elevar og ungdom i Vestland og er tilpassa den målgruppa.
Kva er tankevirus?
Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.
Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplev betring.
Kven står bak kurset?
Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.
Påmelding
Informasjon
Mi sideAktiviteten er ferdig og det er ikkje mogleg å melde seg på lenger.