Kan det av og til vere vanskeleg å svare på spørsmål om datahjelp i biblioteket? Er du usikker på kor grensene går for kva du kan hjelpe til med? Bli med på ein praktisk verkstad med Tanja Aas frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)!

Her får du mellom anna tips og øving i å:

  • leggje til rette for og motivere dei som ber om hjelp, til å bli sjølvhjelpen i digitale kvardagstenester
  • ivareta godt personvern
  • nytte kvalitetssikra ressursar i rettleiinga

Du vil få materiale du kan nytte til rettleiing i biblioteket i etterkant, og det vil også bli digital oppfølgingssamling av verkstaden frå bibliotekutvikling Vestland.

Aas har brei erfaring frå digital rettleiing og er ein del av DIGIDEL-teamet som mellom anna driftar DIGIDEL – ressursbank for rettleiarar, av Digitalisering- og forvaltningsdepartementet (DFD).

Verkstadane er eit samarbeid mellom HK-dir, bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Bergen offentlige bibliotek.

Praktisk

Tid og stad: Du vel om du vil delta i Bergen eller Førde

  • Bergen, Vestlandshuset (Lars Hilles gate 22) – måndag 23. mars, kl. 10.00–15.00
  • Førde, Storehagen 1B – tysdag 24. mars, kl. 10.00–15.00

Målgruppe: Tilsette i bibliotek

Pris: Gratis. Vi serverer kaffi/te og enkel lunsj. 

Påmeldingsfrist: 6. mars

 

Ønskjer du å delta på ein av verkstadane, men tidspunktet er ikkje mogleg for deg? Har du andre spørsmål? Ta kontakt med Lena Jensen Glesnes!

 

Informasjon

Mi side
Stad
Bergen (Vestlandshuset) og Førde (Storehagen 1B)
Påmeldingsfrist
Fredag 6. mars 2026 kl. 23:59
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}