Velkomen til webinar!

 

Vestland fylkeskommune gjennomfører no obligatorisk opplæring av prøvenemndene i form av digitalt dagskurs (webinar). Dette er ei midlertidig løysning som erstattar fysiske kurs under Corona-situasjonen. Vi gler oss til vi igjen kan møtast fysisk!

Alle medlemmane i nemndene skal delta på møter og kurs arrangert av fylkeskommunen i løpet av oppnemningsperioden. Det er difor viktig at alle deltek. På denne måten får vi ein felles praksis i sensorarbeidet i heile fylket.  

Vi anbefaler at heile nemnda melder seg på det same webinaret. Dersom du ikkje har høve til å møte på eit webinar tilpassa ditt fag, kan du melde deg på ein annan dag, men helst innan same utdanningsprogram (fagområde). Sjå fana "aktiviteter" for oversikt over komande webinar.

Innhald i webinaret:
• arbeidet i prøvenemnda - rolla og forventningar
• vi arbeider med å utvikle fagprøveoppgåva med vurderingskriterier
• opne oppgåvetekstar
• læreplanar, opplæringslova med forskrift


Presentasjonen som vert nytta under webinaret sendast ut på mail til deltakarane.
Hefte «Veiledning for prøvenemnder» av Kjersti Hovland vert sendt i posten før webinaret.


For å kunne gjennomføre webinaret må du ha følgjande teknisk utstyr:
- Internett tilgang
- Pc, Laptop eller nettbrett (vi tilrår ikkje bruk av telefon på webinaret)
- Hovudtelefonar med mikrofon evt. øyreproppar med mikrofon
Ved pålogging får du høve til å teste mikrofon og høgtalar, sjekk at eige utstyr fungerer som det skal.
Bruk hovudtelefon eller øyreproppar med mikrofon når du deltek frå PC/nettbrett. Steng eigen mikrofon når du ikkje snakkar.

Webinaret har pålogging klokka 8.30 for registrering, gruppeinndeling og test av lyd- og bilde. Opplæring startar kl 0900 og varer til kl 1400.

Meir informasjon finn du på vlfk.no/provenemnd

 

 

Kontakt:

Ingunn Wik Djønne - ingunn.djonne@vlfk.no

Dagfinn Henjum Sværen - dagfinn.henjum.sveren@vlfk.no

Program

KURSPROGRAM

 

 

 

 

Tid

 

 

Tid

 

08:30 – 09:00

09:00 – 09:15  

 

 

09:15 – 09:40  

 

 

 

09:40 – 09:50  

09:50 – 10:30  



10:30 – 10:40

             

Pålogging og test av utstyr

Velkommen

Presentasjon og introduksjonsrunde blant gruppe-deltakarar.

Forventningar til kurset

 

Mål for dagen

Arbeid i prøvenemnd

Kriterium for prøvenemnd

Korleis hugsar du di eiga fagprøve

 

Pause

 

Gjennomgang av gruppearbeid Arbeidet i prøvenemnda

Kompetansedefinisjon

Prøvenemnda sitt førebuande arbeid

 

Pause

 

 

 

10:40 – 11:20

 

 

 

11:20 – 12:05

 

12:05 – 12:45



 

12:45 – 12:55

12:55 – 13:50

 

 

 

 

13.50- 14.00

Kvalitet i faget

Kva er ei god fagprøveoppgåve?

Vurderingskriterier

 

Lunsj

 

Oppgåvetekst og struktur

Open oppgåvetekst

Gruppeoppgåve

Oppsummering gruppeoppgåve

 

Pause

 

Karakterar

Fagprøva er over – kva no?

Oppsummere dagen ift forventningar

Lenkje samling

Evaluering

Spørsmål


Instruktørar er tilgjengeleg for utdjupande spørsmål

 

Aktivitetar


Fann ingen aktivitetar

Kontakt

 

 

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}