Bli med på Kontaktkonferansen 2022
Informasjon
Mi sideKommunearkivordninga arranger årleg kontaktkonferanse for medlemskommunane våre. Dei siste to åra har vi dessverre ikkje kunne arrangert fysisk konferanse, men i år inviterer vi til Førde tysdag 31. mai og onsdag 1. juni. Hald av datoen!
Etter at det faglege programmet er ferdig tysdag 31. mai, vert det høve til å koble av på Scandic Sunnfjord Spa eller finne på noko sosialt med gode arkivkollegaer. Vi ser også fram til felles middag i hotellrestauranten tysdag kveld.
Eit førebels program er no lagt ut. Meld deg på i neste fane!
Påmeldingsskjema
Informasjon
Mi sideDenne aktiviteten er avslutta, og det er ikkje lenger mogleg å melde seg på.
Program
Tysdag 31/5
| Kl. | |
| 10.00 |
Registrering |
| 10.30 – 12.00 |
Nytt frå Fylkesarkivet Vi presenterer dei tilsette, satsingsområde, nyhende, pågåande prosjekt og digitaliseringstenesta (inkl. pause) |
| 12.15 – 13.00 |
Arkivutgreiinga i Vestland Vestland fylkeskommune ynskjer å sjå på ulikskapar i arkivorganiseringa og arbeide fram ei mest mogeleg heilskapleg og koordinert organisering av arkivfeltet for heile Vestland. Institusjonslandskapet i dei tidlegare fylka var ulikt, med ei felles forståing av arkivoppgåvene, men ulik organisering av arkivarbeidet. |
| 13.00 – 14.00 |
Lunsj |
| 14.00 – 16.00 |
Elektroniske arkiv Vi høyrer frå ulike aktørar og får presentert og diskutert utfordringar, satsingar og samarbeidsprosjekt. |
| 16.30 |
Felles tur til dagsturhytta Gytta (eiga påmelding kjem seinare) |
| 19.30 |
Felles middag på hotellet |
Onsdag 1/6
| Kl. | |
| 09.00 – 11.00 |
Nytt arkivbygg på Leikanger |
| 11.00-11.30 | Pause og utsjekk |
| 11.30 – 13.00 |
Parallellsesjonar:
|
| 13.00 – 14.00 |
Lunsj |
| 14.00 – 15.00 |
Prat med ein arkivar Tilsette frå Kommunearkivordninga er tilgjengelege for spørsmål på slutten av dagen. |