Bibliotekutvikling Vestland og Fylkesarkivet i Vestland arrangerer fredag 27. november ei samling med vekt på digitale kjelder for lokalhistorieinteresserte. Vi ynskjer at samlinga skal vera på eit praktisk nivå for sogelagsfolk, bibliotekarar og arkiv- og museumsfolk.
Konferansen er gratis og open for alle, men vi ønskjer at deltakarar registrerer seg i den digitale påmeldingsløysinga vår, slik at vi kan følgje opp alle med informasjon både før og etter konferansen.
Vi vil sende ut og dele lenkje til sendinga torsdag 26. november.
Rakk du ikkje å melde deg på før fristen gjekk ut? Fortvil ikkje, du kan framleis følgje samlinga fredag frå kl 10 ved å følgje denne lenka.
Informasjon
Min sideAktiviteten er slutt og du kan ikke melde deg på.
10.00 Kyrkjebøkenes poesi, ved Erlend O. Nødtvedt
10.10. Velkommen, ved leiar i fylkesarkivet i Vestland, Arnt Ola Fidjestøl
Vestland fylke sine digitale kjelder
10.20 Fylkesarkivet, ved Per Olav Bøyum
11.00 Grind.no, ved Jo Høyer
11.15 Om Lokalhistoriske artiklar (Fjognedok), ved Ingrid Dræge
11.30 Pause
Nasjonale lokalhistoriske kjelder
12.05 Digitalarkivet, ved Kenneth Bratland
12.30 Nasjonalbiblioteket, ved Chris Nyborg
12.55 Pause
Døme på lokalhistorisk kjeldebruk
13.00 Slektsbanken for Sunnhordaland og Hardanger, ved Kristine Holm Nilsen
13.30 Slutt