Påmeldingsskjema
Målgruppe: Økonomar frå fylkeskommunane
Informasjon om arrangementet: Tema under samlinga vert mellom anna økonomistyring, konkurransepolitikk, finans og digitalisering. Nokre av foredragshaldarane er konkurransedirektør Tina Søreide og professorane Trond Bjørnenak og Tor Wallin Andreassen.
Vi startar med registrering frå kl. 10.30 onsdag 28. august og avsluttar ca. kl. 15 torsdag 29. august. Det er bestilt rom på Hotel Scandic Ørnen, like ved Vestlandshuset, for dei som har behov for overnatting. Det er òg mogleg å velge ekstra overnatting for dei som har behov for å kome dagen før pga. lang reiseveg.
Det vert servert lunsj begge dagar og middag onsdag kveld. Fylkeskommunane vert fakturert for eigenandel i etterkant av samlinga for blant anna lunsj, overnatting og tilknytningsdøgn per deltakar (ut i frå val gjort i påmelding).
Påmelding innan 2. juni 2024.
Påmeldinga er bindande og siste frist for å melde seg av eller gjere endringar er 25.07.24. Spørsmål til arrangementet kan sendast via "Kontakt".
Informasjon
Mi sideDenne aktiviteten er avslutta, og det er ikkje lenger mogleg å melde seg på.
Program
Merk at programmet og overskrifter er førebelse, og alle tider er tentative.
-
Dag 1 – onsdag 28. august
-
10:30
Registrering
-
11:00Opning av Økonomiforum
v/fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Musikkinnslag frå Langhaugen vgs.
-
11:30Trendar innan økonomistyring
v/Trond Bjørnenak, NHH-professor innan økonomistyring ved institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitenskap.
-
12:30
Lunsj
-
13:30Velfungerande konkurranse i offentleg innkjøp
v/Kjell Jostein Sunnevåg, Konkurransetilsynet. Direktør for eksterne relasjonar.
-
14:30
Pause
-
14:50Kredittrating
v/Hege Christoffersen, leiar for gjeldsforvaltning og ansvarleg for grøne obligasjonar i BCM. Ho skal gå gjennom argument for og imot kredittrating i det offentlege.
-
15:20
KS - Aktuelle tema
v/Anita Kildahl og Martin Fjordholm frå KS, i tillegg til Øyvind Langeland frå Rogaland fylkeskommune.
-
16:00
Val av arbeidsutval
v/leiar av valkomittéen
-
16:10
Økonomisjefmøte
v/leiar i arbeidutvalet. Økonomisjefane frå dei ulike fylkeskommunane blir igjen og diskuterer aktuelle saker.
-
17:30
Sosial samankomst
Dei som ønskjer kan møte oss før middag. Vi kjem tilbake til lokasjon når det nærmar seg.
-
19:00
Middag på Fløyen
Vi tek Fløibanen opp, billettar vert delt ut ved registrering. Berekn gjerne å vere ved Fløibanen 15min før slik at de er oppe i Fløirestauranten til kl. 19. Maten vert servert i ToppFløyen kl. 19.30. Antrekk er uformelt/litt pynta og yttertøy etter vêret.
-
-
Dag 2 – torsdag 29. august
-
09:00Velkomst dag 2
v/Nils Vetlesand, økonomidirektør Vestland fylkeskommune.
-
09:15KI har kome til fylkeskommunen. Kva no?
v/Tor Wallin Andreassen, NHH. Professor innan tenesteinnovasjon og leia forskningssenteret «Digital innovation for sustainable growth» fram til 2022.
-
10:15
Pause
-
10:30Bruk av kunstig intelligens innan bank og finans
v/Trygve Aasheim, DNB. Leiar av produkt, arkitektur og utviklarmiljø for Corporate Banking & International. Utdanna IT-ingeniør og kompetanse innan strategisk analyse og bedriftsarkitektur.
-
11:20
Pause
-
11:35
Prosjekt – Microsoft 365 Copilot
v/Vestland fylkeskommune.
Vi er i gong med å teste ut kunstig intelligens som arbeidsverktøy.
Litt om prosjektet, funn og demo -
12:45
Lunsj
-
13:30Slik samarbeidar vi for å kjempe mot desinformasjon
v/Helge O. Svela, Media City Bergen, direktør for mediaklynga.
Dei har mange spanande prosjekt og samarbeid knytt til kunstig intelligens, mellom anna Reynir-prosjektet, som jobbar med teknologi for å avdekke falsk informasjon, eit svært aktuelt tema for store verksemder. -
14:00
Avslutning
Overlevering til Østfold.
-
14:15
Slutt
Takk for no og vel heim.
Kontakt
Kontakt oss om du har spørsmål. Siste frist for endring eller avmelding er 25.07.2024.
Etter du har meldt deg på kan du gjere endringar eller melde deg av via fana "Påmeldingsskjema" ved å velge "Avmeld" eller redigere aktuelle felt og trykke "Oppdater" nedst på sida.