Påmeldingsskjema

Målgruppe: Tilretteleggjarar, stabsleiar og dei som sender personalmeldingar. 

Målsettinga med kurset er

  • Å informera om fylkeskommunen sine interne stillingskodar og kva som er viktig å hugse på når du skal velje rett stillingskode i Personalmelding
  • At avdelingane i etterkant av kurset går gjennom sine stillingar for å kvalitetssikre at deira tilsette er plassert rett (stillingkode, løn osv), eventuelt rette opp feil før neste lønskøring

Bakgrunn for dette kurset er at det er lønsdata per 30. april / 1. mai som blir brukt i dei lokale forhandlingane hausten 2024. Alle feil plasserte stillingar generera mykje ekstra tid til kvalitetssikring av data i forkant, under og i etterkant av dei lokale forhandlingane. Tid me ikkje har og tid me treng bruke på forhandlingsarbeid for å bli ferdige i tide til at forhandlingsresultat kan betalast ut i 2024. Slik kvalitetssikring vil også gjera oss tryggare på at rett løn blir betalt, at ulike HR rapportar blir rett og meir effektiv handsaming av personalmelding / tilsettingsprosess.  

Kursform: Digitalt. Lenkje til kurset blir sendt påmeldte etter påmeldingsfrist. 

Sjå innhald under program

 

 

Informasjon

Mi side
Stad
Digitalt, Teams
Tid
Tysdag 9. april 2024 kl. 10:00 - 11:30
Påmeldingsfrist
Torsdag 4. april 2024 kl. 14:30

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mogleg å melde seg på lenger.

Program

Innhald

  • Gjennomgang av fylkeskommunen sitt stillingskodeverk, med info om hovudtillidsvalgt (HTV) og offentlege stillingskodar
  • Informasjon om koplinga mellom stillingskode, yrkeskode og utdanningskode – med rask visning og gjennomgang av desse
  • Rask gjennomgang av fylkeskommunen sin lønspolitikk – med kopling til stillingskode og lønsnivå, og val av rett løn/lønsstige
  • Utfylling av personalmeldingar (PM) – kva val kan gjerast og kva val er mest rett

 

Pensum

Det blir gjennomgang av fyljande informasjon.

Det er ein fordel om du har orientert deg på dette i forkant av kurset. 

Excel-ark med stillingskodane som per 8. februar ligg i HR systemet. Dette blir sendt ut i forkant av kurset i eigen e-post.

 

Kontakt

 

 

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}